Podokarpfamilien er ein plantefamilie med eviggrøne bartre. Nokre artar er buskar.

Faktaboks

Etymologi

Gresk πούς (poús, “fot”) + καρπός (karpós, “frukt”)

Også kjend som
Gultrefamilen
Vitskapeleg namn
Podocarpaceae

Kjenneteikn

Dei treforma artane har vassrette greinkransar med tre til fem hovudgreiner. I tillegg er det gjerne veikare greiner langs stammen mellom hovudkransane.

Bladfasongen varierer mellom slektene. Blada kan vere nåleforma, skjelforma eller breie og eggforma. Slekta Phyllocladus har bladliknande, grøne kortskot som fungerer som blad (fyllokladium). Mange artar er særbu.

Pollenkonglene er rakle-liknande og har talrike skjel som kvar har to eller fire skafta pollensekkar. Pollenkorna har to eller tre luftblærer (tilpassa vindpollinering).

Frøkonglene sit enkeltvis eller fleire samla i små knippe. Dei skil seg frå det som er vanleg i andre bartrefamiliar og har få kongleskjel der ofte berre eitt er fertilt og utviklar frø. Hos nokre artar blir den nedre delen av kongleskjelet «kjøtfullt» og blir kalla eit podokarp. Hos andre blir den øvre delen av kongleskjelet «kjøtfullt» og blir kalla epimatium. Somme artar har tilpassa seg frøspreiing med fuglar ved på ulike vis imitere fruktene hos dekkfrøa planter. Det kan anten vere støttevevet (receptaculum) under frøet som blir bærliknande eller epimatiet som i løpet av eit par-tre år veks rundt frøet og blir lik ei lita steinfrukt.

Utbreiing

Dei fleste artane finst på den sørlege halvkula, særleg i Australasia, dels i subtropisk og tropisk klima. Nokre få artar finst også nord for ekvator. Ein art går nord til sørlege Japan.

Slekter og artar

Familien har 18—19 slekter med 156—173 artar og er dermed den nest største bartrefamilien når det gjeld talet på artar, berre furufamilien har fleire artar.

Ein art, Parasitaxus usta, skil seg ut ved å vere parasittisk — den einaste parasitten blant bartrea.

Tidlegare vart det rekna med at artane i podokarpfamilien ikkje var herdige nok til å klare seg i vårt land, men no finst nokre artar i gultreslekta (Podocarpus) i alle fall i dei botaniske hagane i Stavanger, Bergen og Surnadal. Stavanger og Bergen har også Saxegothaea conspicua.

Les mer i Store norske leksikon

Faktaboks

podokarpfamilien
Podocarpaceae
GBIF-ID
8830

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg