Likeverd er det at noko har like stor verdi; (verdien av) likheit eller likestilling (mellom individ). Omgrepet blir brukt for å uttrykke ideen om at alle menneske har like stor ibuande verdi, uavhengig av kjønn, funksjonsnivå, eigenskapar, evner, livssyn, sosial status, etnisitet, språk og kultur.

Likeverd er eit viktig grunnlag for demokrati og menneskerettar. Ulike idétradisjonar har noko ulik forståing av korleis likeverd skal etablerast i samfunnet.

I første artikkelen av Den internasjonale fråsegna om menneskerettane, vedteken i 1948, heiter det at alle menneske er fødde til fridom og med same menneskeverd og menneskerettar. I dei følgjande artiklane blir det understreka at alle, uavhengig av kvar dei kjem frå, har ei rekkje ukrenkjelege rettar. I menneskerettane ligg det ei forståing av likeverd som inneber å akseptere skilnader.

På 1900-talet synte framveksten av fascismen og nazismen dei katastrofale følgjene det kan få om menneskeverdet blir knytt til medlemsskap i bestemte fellesskapar. Dei som fall utanfor desse fellesskapane, til dømes jødane, sigøynarane og dei homofile, opplevde forfølging og grov urett.

Likeverd i politikken

I Noreg og dei andre nordiske landa har likeverd ofte vorte nært kopla til eller vorte nytta synonymt med omgrepet 'likheit'. Korleis ein skal forstå omgrepet likskap, og korleis ein bør arbeide for likskap i samfunnet, kan variere noko, avhengig av politisk ståstad.

Den politiske venstresida legg større vekt på likeverd som sluttresultat (ved å jamne ut skilnader i samfunnet), medan høgresida heller vektlegg likeverd som utgangspunkt (ved å gje menneske like moglegheiter i startgropa).

Likeverd er også eit omgrep som blir brukt for å uttrykke at alle skal bli behandla likt av det offentlege. Her blir likeverd brukt i nær tilknyting til og delvis synonymt med omgrepet 'likestilling'. Likeverd kan til dømes vere eit uttrykk for at funksjonshemma og funksjonsfriske skal ha same tilgang til kollektivtransport eller at born med ulik bakgrunn skal ha same kvalitet på utdanninga.

Likeverd i kristen-humanistisk tenking

I kristen-humanistisk tenking blir likeverd ofte stilt saman med omgrepet 'menneskeverd' som uttrykk for at alt liv har same verdi og livsrett. Trass i ulikskapar i medfødde eller tileigna eigenskapar, er alle like verdige.

Til substantivet 'likeverd' står adjektivet 'likeverdig'.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Else Askerøi: «Ideer og realiteter», i Else Askerøi (red.): Likeverd i år 2000. Oslo 2000.
  • Icara da Silva Holmestrand: «Hvordan kan ulike oppfatninger av likeverd påvirke utdanningssystemet i to forskjellige land?», i Else Askerøi (red.): Likeverd i år 2000. Oslo 2000.
  • Arild Holt-Jensen og Ståle Dyrvik (red.): Likeverd. Grunnlaget for demokrati. Oslo 2015.
  • Marianne Gullestad: Det norske sett med nye øyne. Kritisk analyse av norsk innvandringsdebatt. Oslo 2008 (2002).
  • Arne Johan Vetlesen: «Om menneskers likeverd i spenningsfeltet mellom universalistiske og kommunitaristiske perspektiver», i Jon Wetlesen (red.): Likeverd og forskjell. En etisk intuisjon og dens grenser. Oslo 1997

Kommentarar (1)

skreiv Ram Gupta

Artikkelen er veldig kort! For mange elever vil det være problematisk. Kunne ønske meg eksempler på hvordan "likeverd" brukes. Et bra eksempel er fra helsevesenet, som opererer med en tanke om rett til likeverdige helsetjenester. I religionssammenheng kan man møte tanken om at selv om det ikke er likestilling mellom kjønnene, er de likevel like mye verd. Mange bra momenter i denne artikkelen: https://www.civita.no/politisk-ordbok/hva-er-likeverd

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg