Runesangersken Larin Paraske
Larin Paraske (1833–1904) fra Ingermanland var ei av Finlands mest kjende runesangersker, med eit svært stort repertoar. Både Edelfelt og Eero Järnefelt måla portrett av henne i 1890-åra, og i 1950 ble Alpo Sailos statue av ho reist i Hesperiaparken i Tölo, Helsingfors. Edelfelts maleri av Larin med kantela var óg med på eit av dei to finske frimerka ved Kalevalas 150-årsjubileum i 1985.
Utsikt over Pielisjärvi fra fjellet Koli

Eero Järnefelts freske med utsikt fra «nasjonalfjellet» Koli ble malt under byggingen av Helsingfors' jernbanestasjon, og befinner seg i dag i Burger King-restauranten i jernbanestasjonen.

Av .
Lisens: CC BY 2.0

Karelianismen var ei kunstretning i Finland frå 1890-åra til om lag 1920. Karelianismen kan både sjåast som eit finsk nasjonalromantisk uttrykk, og som ein finsk variant av tidas interesse for det eksotiske, opphavelege og primitive i folkelivet. Karelianismen kom til å utgjere ein gullalder i finsk kunst.

Etter krigen i 1808–1809 vart Finland skilt frå Sverige for å bli et sjølvstyrt storfyrstedømme under tsaren av Russland. Mot slutten av 1800-talet begynte Russland å kneble sjølvstyret til Finland, i ein vekselverknad med aukande finsk sjølvkjensle og fridomstrang.

Den nasjonale identiteten var sterkt knytt til Kalevala som er sett saman av folkedikt som er funne i Karelen. Mange kunstnarar gjennomførte reine pilegrimsvandringar til Karelen, der dei meinte at det «ekte finske» framleis var å finne. Denne interessa for Karelen kan til dels samanliknast med dei tankane ein har hatt i Noreg om at den gamle, autentiske folkekulturen har overlevd lengre i distrikt som Setesdal og Vest-Telemark.

Interessa for Karelen hang óg saman med diskusjonen om kva for delar av det karelske kulturområdet som skulle høyre til det finske riket.

Omgrepet karelianisme (karelianismi på finsk) vart først brukt av kunsthistorikaren Yrjö Hirn i ei avhandling om Akseli Gallén-Kallela.

Mellom dei viktigaste representantane for karelianismen kan nemnast forfattarane Juhani Aho og Eino Leino, komponisten Jean Sibelius, arkitektane Eliel Saarinen og Yrjö Blomstedt, og biletkunstnarane Severin Falkman, A. Gallén-Kallela, Albert Edelfelt og Eero Järnefelt. Fotografen Into Konrad Inha bidro óg til utforskinga og bildet av Karelen med sine reiser i 1893 og 1894.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kalevala-motiver. Nasjonalgalleriet, 1981. Les boka her.
  • Nordiske stemninger : nordisk maleri ved århundreskiftet. Nasjonalgalleriet, 1987. Les boka her.
  • Stor-Finland. Uppslagsvärket Finland

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg