Persiabukta («golfen») og statane rundt bukta.

Medlemslanda i Golfrådet (oransje) er Bahrain, Saudi-Arabia, Oman, Kuwait, Qatar og Dei sameinte arabiske emirata. I tillegg til dei desse landa grensar Iran og Irak til Persiabukta. Jemen blir på grunn av kultur og historie ofte òg rekna til området.

Persiabukta («golfen») og statane rundt bukta.
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Golfstatar er eit samleomgrep for dei arabiske landa rundt Persiabukta, eller alle landa rundt bukta. Persiabukta heiter Persian Gulf på engelsk, og blir av og til kalla «golfen» på norsk.

Faktaboks

Også kjend som

engelsk Gulf states, Arab gulf states eller Arab states of the Persian Gulf

Dei arabiske golfstatane er kongedømma Bahrain og Saudi-Arabia, sultanatet Oman og emirata Kuwait, Qatar og Dei sameinte arabiske emirata. Desse seks landa utgjer medlemmene av Golfrådet. Golfrådet er ein regional samarbeidsorganisasjon for arabiske statar ved Persiabukta som vart grunnlagd i 1981 for å styrkje det politiske, økonomiske og frå 1982 dei militære samarbeida mellom medlemslanda. Organisasjonen omfattar alle arabiske land som grensar til Persiabukta (Golfen), unnateke Irak.

I tillegg til dei arabiske golfstatane grensar Iran og Irak til Persiabukta. Jemen blir på grunn av kultur og historie ofte òg rekna til området.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg