gjødselmygg
Gjødselmygg på en prestekrage

Gjødselmygg (Scatopsidae) er ein familie av insekt i ordenen tovenger. Det er om lag 380 artar beskrivne i verda, fordelt på 36 slekter, og 32 artar har blitt sikkert påvist frå Noreg. Dei er nært i slekt med dei dårleg kjende huldremyggane (Canthyloscelidae) som igjen er nærast vindusmygg; det er kontroversielt i faglitteraturen om desse saman er nærast i slekt med hårmygg og soppmygg eller med sommarfuglmygg.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Scatopsidae

Skildring

Artane er som regel særs små, med kroppslengd mellom ein halv til fire millimeter. Dei er kompakt bygd, ofte litt flatklemt ovanifrå, med tydeleg runde hovud som har korte og tjukke følehorn som er festa nedanfor augo. Dei er stort sett einsfarga svarte til brune og har få eller ingen tydelege hår på kroppen, og beina manglar leggsporer.

Larvane er avlange med sterkt kitinisert hode og godt utvikla følehorn.

Levevis

Larvene lever av råtna plantemateriale, åtsel, i gjødsel og liknande – ofte i kompostbinger. Nokre er sannsynlegvis rovdyr og andre snyltarar i flugelarver eller maurtuer. Dei vaksne er sjeldne å finna langt frå larvene sine levestadar og har dårleg kjend levevis – med unntak av nokre artar som ein av og til kan finna i store mengder på skjemplanter eller korgplanter.

Les mer i Store norske leksikon

Faktaboks

gjødselmygg
Scatopsidae
Artsdatabanken-ID
18032
GBIF-ID
6927

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg