Vrål er eit mannsnamn. Det er ei dialektform av Roald som kjem av norrønt (H)ró-aldr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘ære’ og etterleddet ‘herskar’. Etterleddet var opphavleg -valdr i norrønt.

Vrål har særleg vore brukt i Telemark og Agder.

Kulturell bruk

  • Vraal Reiorsen Litveit i «Driftekaren» (1908) og «Paa Rindalslægeret» (1925) av Hans E. Kinck.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 10 menn (fødde i Noreg) som hadde Vrål som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg