Viviann

Artikkelstart

Viviann er eit kvinnenamn med opphav i det latinske Viviana som truleg er laga til adjektivet vibian-us/-a brukt i det romerske slektsnamnet Vibi-us/-a. Tydinga er usikker. Namnet er også sett i samanheng med latin vivus som tyder ‘levande’. I enkelte tilfelle kan namnet vere resultat av samanskriving av dobbeltnamnet Vivi Ann.

Namnet har fleire variantar: Vivian, Viviann, Wivian, Wiviann.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 170 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Viviann som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg