Vermund er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Ver-mundr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘mann’ og etterleddet ‘vern; vernar’.

Det latinske vir (med tydinga ‘mann’) svarer til norrønt ver. Innsjønamnet Vermundsjøen i Åsnes (Hedmark) har ikkje noko med dette førenamnet å gjere, men går tilbake til eit ord med tydinga ‘varm’.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 90 menn (fødde i Noreg) som hadde Vermund som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg