Verena er eit tysk-sveitsisk kvinnenamn med latinsk bakgrunn. Det kan ha vorte laga til det latinske verbet vereri som tyder ‘ære’ eller til det latinske adjektivet ver-us/-a som tyder ‘sann’.

Namnet har fleire variantar: Verena, Verene.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 70 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Verena som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg