Torgunn

Torgunn er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Þor-gunnr. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Tor. Etterleddet tyder ‘strid’.

Namnet har fleire variantar: Torgunn, Thorgunn, Torgun.

Namnedag er 6. juli. Torgrim har også namnedag denne dagen.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 740 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Torgunn som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Peterson, Lena 2014: Skråmstastenens [þporgun] – mansnamn eller kvinnonamn? [Studia antroponymica Scandinavica 2014].

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg