Terjei er eit mannsnamn som er mykje sjeldnare brukt enn Terje og Tarjei. Det går – til liks med Terje og Tarjei – tilbake til Torgeir av norrønt Þor-geirr der forleddet er gudenamnet Tor. Etterleddet tyder ‘spyd’.

Namnet har fleire variantar: Terje, Terjei.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Terjei som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg