Torgeir er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Þor-geirr. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Tor. Etterleddet tyder ‘spyd’.

Faktaboks

Etymologi

Þorgeirr 'Tor + spjut'

Uttale

tårjeir, tårjær, tarjær, tarjei, terje, torgeir (normert)

Namnet har fleire variantar: Thorgeir, Torgeir, Torger.

Kjende personar med namnet Torgeir

Eit utval personar med namnet Torgeir, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 239 menn i Noreg som hadde Torgeir som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 6 gutar som fekk namnet Torgeir.

Utvikling i bruk av namnet

Torgeir er blant dei få samansette nordiske namna som fekk toppfasen sin i siste halvdel av 1900-talet. Andre døme er Erlend, Vebjørn, Vemund og Åsmund.

Utvikling i bruk av namnet Torgeir frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Torgeir frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Torgeir på 1800-talet.

Torgeir var mest brukt i Telemark og Aust-Agder.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Torgeir på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Torgeir var mest brukt i Telemark og Aust-Agder. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Thorgeir.)

Historisk bruk av namnet Torgeir
Historisk bruk av namnet Torgeir
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg