Fylket var ei tidlegare avis i Molde. Den blei grunnlagt i 1926 som organ for Bondepartiet, seinare bygdenæringane i Møre og Romsdal. Avisa blei nedlagt i 2000.
Fylket (avis 1926–2000)
Opplagstall for Fylket, 1986-1999
1986 | 4638 |
---|---|
1988 | 4892 |
1990 | 4306 |
1991 | 4312 |
1992 | 4136 |
1993 | 4041 |
1994 | 3079 |
1995 | 2722 |
1996 | 2743 |
1997 | 2746 |
1998 | 2627 |
1999 | 1717 |
Dei fyrste åra
Fylket kom ut med sitt fyrste nummer i Molde 23. mars 1927. Avisa fekk dette namnet fordi ho skulle vere eit organ for Bondepartiet og Norges Bondelag i heile fylket. Avisas fyrste redaktør blei agronom og gardbruker Ola Fladmark (1876–1945). Året etter kjøpte eigarane opp trykkeriet og forlagsretten til den bondevenlege Molde-avisa Molde Annonceblad.
Fylket viste seg langt meir levedyktig enn forgjengaren sin, som ei tid figurerte med undertittelen «Hvori inngått Molde Annonceblad». Men trass i tittelen blei avisa mest eit organ for Romsdalen der ho kom ut, medan Nordmøre og Sunnmøre hadde sine eigne bonde(parti)organ.
Krigsåra
I 1940 blei det lagt planar om samanslåing av fylkets tre Bondeparti-aviser (Fylket, Nordmør og Sunnmøre Tidend); ein trudde at okkupasjonen skulle bli kortvarig, men avisene blei raskt underlagd den same sensuren som andre norske aviser. Noko samanslåing kom ikkje i stand, og i 1942 gjekk Fylket inn. Molde skulle ha berre éi avis, og det skulle vere Romsdals Budstikke.
Etter krigen
I 1945 kom Fylket ut igjen og var då den einaste Bondeparti-avisa i Møre og Romsdal, med undertittelen «Tilslutta Nordmør og Sunnmøre Tidend». I den første etterkrigstida klarte avisa seg bra, men mot slutten av 1950-talet butta det mot. I 1960 blei den gamle eigaren, «Partslaget Fylket», avvikla, og det blei sett i gang aksjeteikning til det nye «A.S. Bygdetrykk» som skulle drive avisa vidare. Det blei teikna aksjar over heile fylket, og i januar 1961 kom avisa ut med nye eigarar og med undertittelen «Organ for bygdenæringane i Møre og Romsdal». Ny redaktør blei Elias Giske. Han hadde bakgrunn frå Senterpartiet og Giske Bondelag. Dei nye eigarane fekk også økonomiske problem, men klarte å gje ut avisa med tre eller to nummer kvar veke.
Avvikling
Men ut på våren 2000 var det slutt. Då hadde avisa gått med underskot dei siste åra, og resultata etter tusenårsskiftet synte ikkje teikn til betring. Eit forsøk på ny aksjeteikning lukkast ikkje. Dermed såg styret ingen annan utveg enn å leggje ned avisa. I det siste nummeret, 28. april 2000, legg redaktøren fram grunnane til nedlegginga: umogleg å skaffe nok frisk kapital, «aukande økonomiske problem», talet på bønder hadde gått ned, annonsegrunnlaget var svekka, pressestøtta hadde minka og bladportoen auka.
Fakta
- Fyrste nummer 23. mars 1927, fyrste redaktør Ola Fladmark.
- Stansa 31. desember 1942.
- Fyrste nummer som eiga avis etter andre verdskrig 1. september 1945.
- Siste nummer 28. april 2000.
- Frå 4. juni til 4. juli 1945 kom Romsdalspressen ut som mellombels fellesorgan for Fylket, Romsdals Budstikke og Romsdal Folkeblad.
Opplag
År | Opplag |
---|---|
1932 | 2000 |
1952 | 3500 |
1959 | 2159 |
1974 | 3498 |
1990 | 5420 |
1998 | 4360 |
Artikkelen er henta frå Norske aviser fra A til Å (bindredaktør Idar Flo), som er band 4 i Norsk presses historie 1-4, hovudredaktør Universitetsforlaget, 2010.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.