Steinar Brauteset

Faktaboks

Steinar Brauteset
Født
28. oktober 1927, Leinstrand i Trondheim, Trøndelag
Død
10. mai 2000, Oslo

Artikkelstart

Steinar Brauteset var radiomann og forfattar. Han laga over 50 program om norsk okkupasjonshistorie, var utanrikskorrespondent i Paris og leidde Landbrukshalvtimen i 20 år.

Bakgrunn

Steinar Brauteset var fødd i Leinstrand (no Trondheim) i Trøndelag og døydde i Oslo. Han var cand.philol. frå Universitetet i Oslo i 1957 med faga norsk, fransk og engelsk. Hovudoppgåva tok for seg Jakob Sandes dikting.

NRK

Brauteset byrja i NRK i 1952 som programsekretær i Dagsnytt. Seinare vart han hallomann og redaksjonssekretær ved NRKs kontor i Bergen. I tida 1965–1970 var han ansvarleg redaktør for NRKs store programserie om norsk okkupasjons- og krigshistorie, til saman 58 program. I 1970–1973 var Brauteset utanrikskorrespondent i Frankrike og i 1973–1993 redaktør for radioprogrammet Landbrukshalvtimen.

Utgjevingar

Brauteset gav ut bøkene Sett frå Paris (1973), Landbrukshalvtimen (1983), Gestapo-offiser Fehmer (1986) og I kamp om Narvik 1940 (1987).

Utmerkingar

Brauteset fekk i 1984 Kringkastingsprisen for framifrå bruk av nynorsk i media. I 1994 vart han tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg