Solborg

Artikkelstart

Solborg er eit kvinnenamn. Det er ei parallellform til Solbjørg.

Etterledda -borg og -bjørg finst i mange namn med same forledd, til dømes Ingeborg – Ingebjørg.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Ingerid Solborg Ivensen fødd 1887 i Bergen.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 10 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Solborg som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg