Solbjørg er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Sal-bjǫrg. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘hus, sal’ og etterleddet ‘berging’. Namnet fanst i Noreg rundt år 900.
Solbjørg
Personar med namnet Solbjørg
Fyrste namneberar
Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var Margit Solbjørg Augusta Holum fødd 1891 i Trondheim.
Kjende personar med namnet Solbjørg
Eksempel på ein person med namnet Solbjørg som er omtalt i Store norske leksikon:
- Sissel Solbjørg Bjugn (1947–2011)
Namnestatistikk
I 2022 var det 1 227 kvinner i Noreg som hadde Solbjørg som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Jorunn, Målfrid, Svanhild og Torbjørg. Dette gjeld også Solbjørg som var mest brukt 1940–1944.
Les meir i Store norske leksikon
- kvinnenamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.