Siri M. Kvamme

Faktaboks

Siri M. Kvamme

Siri Milde Kvamme

Født
19. juni 1975, Stanghelle i Vaksdal, Vestland
Av /Cappelen Damm.

Artikkelstart

Siri M. Kvamme er forfattar, bokmeldar og leiar for Litterær Salong i Haugesund.

Bakgrunn

Siri Milde Kvamme er fødd på Stanghelle i Vaksdal kommune i Hordaland (no Vestland). Ho har studert litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen (1998), har teke forfattarstudiet i Bø (1995), Skrivekunstakademiet i Hordaland (1999) og forfattarutdanninga Litterär gestaltning ved Göteborgs universitet (2001).

Kvamme har arbeidd som bokmeldar og frilansjournalist for Bergens Tidende (1996–2010) og som tekstforfattar i reklamebyrå. Ho jobbar som marknadskonsulent i Uni Micro, er spaltist i Haugesunds Avis og prosjektleiar for Litterær Salong i Haugesund.

Forfattarskapen

Kvamme debuterte med kortprosasamlinga Raud og frå seg i 2001. Dei korte tekstane er knytte saman til ei poetisk familiehistorie, ei utviklingshistorie fortald i tredje person, der det gradvis blir avslørt for lesaren kva som har skjedd i familien.

Hausten 2008 kom debutromanen hennar, Vinterhjerte. Handlinga er lagd til Nord-Noreg, og det er ein svart roman om å misse eit barn, sorga til foreldra, skuldkjensle, manglande evne til å hjelpe kvarandre, om lengsel og begjær. I 2012 gav ho ut romanen Nattgjengar. Siri M. Kvamme er stilsikker, språkleg presis, har levande personskildringar, og romanen er erotisk, med skiftande forteljarperspektiv.

Bibliografi

  • Vidunderlege Vera (Roman, Cappelen Damm, 2020)
  • Verden leker gjemsel (Roman, Cappelen Damm, 2016)
  • Nattgjengar (Roman, Cappelen Damm, 2012)
  • Vinterhjerte (Roman, Cappelen Damm, 2008)
  • Raud og frå seg (Roman, Samlaget, 2001)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg