Sedolf er eit mannsnamn. Sedolf er den vanlege stavemåten av den fyrste og meir sjeldsynte varianten Cedolf (tatt i bruk i 1826). Ced- går tilbake til Cedenius av Sidenius som opphavleg er eit slektsnamn laga til innsjønamnet Sidensjön i Ångermanland. Etterleddet -olf med tydinga ‘ulv’ finst i mange namn.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Sedolf som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alhaug, Gulbrand 2011: [10 001 navn. Norsk fornavnleksikon]. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg