Faktaboks

Sarah Trimmer
Fødd
6. januar 1741, Ipswich, England
Død
15. desember 1810, Brentford, England
Verke
forfattar
Sarah Trimmer
Samtidig maleri
Illustrasjon frå «Fabulous Histories»

Sarah Trimmer var ein engelsk forfattar og pedagog som hadde svært stor innverknad på britisk utdanning og skulepensum i lang tid etter sin død. Ho er kjent som forfattar av barnebøker, barnebokhistorie, bøker om undervisningsmetodar og ikkje minst som grunnleggar av skular for dei fattige.

Familie og bakgrunn

Trimmer var datter av ein kunstnar og var tidleg interessert i litteratur og skriving. Ho gifta seg med James Trimmer som 21-åring i 1762, og i løpet av atten år fødde ho tolv born, seks jenter og seks gutar, frå 1763 til 1780. To av borna døydde som små. Tibarnsmora greidde å kombinere hus og heim med å vere veldig produktiv som forfattar. Det var nok dei mange borna som gjorde henne spesielt interessert i barnelitteratur og i utdanning. Begge felta var svært mangelfullt utvikla, med gamaldags lesestoff og forelda metodar, og ho såg det som eit kall å skrive betre bøker og gje dei betre skulegang.

Søndagsskular for begge kjønn

Sarah Trimmer, 1830
Seinare portrett

Trimmer sjølv hadde gått på ein jenteskule i Ipswich, men veldig mange born av fattige fekk ikkje slik grunnleggande opplæring. Først hundre år seinare kom lova The Education Act (1870) som sikra barneskuleopplæring for alle. For å bøte på analfabetismen i samtida var det fleire eldsjeler som starta fattigskular og søndagsskular, mellom dei Hannah More og Robert Raikes. Søndagsskulane skulle gjere alle i stand til å lese Bibelen sjølv og betydde dermed at alle lærte å lese og skrive, og dei fekk også anna grunnopplæring. Søndagsskulane var ein blanding av barneskular og kyrkjeleg opplæring. The Sunday School Society vart grunnlagt i 1785, var tverr-konfesjonelt og hadde 250 000 engelske born det første året. Sarah Trimmer starta året etter sjølv to guteskular og ein jenteskule i Brentford der ho budde, og ho følgde opp desse heile livet.

Publikasjonar

Trimmer gav ut om lag 40 skrifter i løpet av si levetid. Den første boka kom i 1780, same år som ho hadde siste fødsel, med tittelen An Easy Introduction to the Knowledge of Nature, and the Reading of the Holy Scriptures, Adapted to the Capacities of Children. Hovudtanken bak var inspirert av Anna Laetitia Barbauld sine barnebøker, der kunnskapsstoffet skulle tilpassast barns evner og interesser. I denne boka let ho ei mor vandre rundt i naturen med dottera og sonen medan dei studerer naturen. Boka var ein stor bestseljar i fleire generasjonar.

Den aller mest kjende og brukte av bøkene hennar er Fabulous Histories Designed for the Instruction of Children Respecting Their Treatment of Animals (1786). Ho ville lære born å vere snille med dyr og gjorde det gjennom ein fabel om ein rødstrupefamilie som levde saman med ein menneske-familie. Boka var ein stor suksess som selde godt fram til tidleg 1900-tal. Og det verkar som den seinare så berømte barnebokforfattaren Beatrix Potter kjende Trimmer si bok og er inspirert av hennar antropomorfe forteljingar. Også namna liknar: Trimmer sine rødstruper heiter Dicksy, Pecksy, Flapsy og Robin, og Potter sine kaniner heiter Flopsy, Mopsy, Cottontail og Peter. Trimmer sin innflytelse strekte seg langt fram i tid.

Barnebøker som seriøs sjanger

Sarah Trimmer la grunnlaget for å sjå på barnelitteratur som ein eigen sjanger gjennom tidsskriftet The Guardian of Education (1802–1806). Dette hadde også stor innverknad på skulevesen og pedagogikk. I tillegg til råd om didaktikk og undervisningsmetodar, og drøfting av pedagogiske tenkarar, inneheld tidsskriftet over 400 bokmeldingar av barnebøker. Ho skreiv også ei historisk oversikt over barnebøker fram til då og er slik ein pioner innan barnebokstudiar.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Ferguson, Moira (1996). Sarah Trimmer's Warring Worlds, Children's Literature Association Quarterly, Vol.21(3), 105-110.
  • Heath, Pauline (2003). Mrs Trimmer's Plan of Appropriate Instruction; A revisionist view of her textbooks, History of Education, Vol.32(4), 385-400.
  • West, Emily (2018). Animal Things: Human Language and Children's Education, Eighteenth-century Fiction, Vol. 31(1), 45-76, University of Toronto Press.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg