Faktaboks

Samningen
Offisielt namn
SAMNANGER BLADLAG AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Årland
Dagleg leiar
Halvard Arne Tysse
Styreleiar
Vidar Haugen
Logo
Logo
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Samningen er ei lokalavis for Samnanger i Vestland som kjem ut på Årland kvar torsdag i papirformat, og elles som dagleg oppdatert nettavis. Samningen er politisk uavhengig og vert gitt ut av Samnanger Bladlag.

Det første nummeret av Samningen kom ut 6. desember 1976. Den redaksjonelle målforma i Samningen er nynorsk.

Historie

Samningen vart starta ved ein kombinasjon av personleg initiativ og lokal dugnadsånd. På eit folkemøte i november 1976 vart det vedteke å skipe eit bladlag som skulle gje ut lokalavis for Samnanger. Då laget vart skipa 10. februar 1977, hadde det 114 andelseigarar. Drivkrafta bak prosjektet var 23 år gamle Svein Oldervoll, medan onkelen Ivar Bård Aadland, som var formann i kulturstyret, var ein viktig støttespelar. Oldervoll var ikkje nøgd med at Samnanger var den einaste kommunen i området som ikkje hadde si eiga lokalavis.

Svein Oldervoll, som seinare har tatt etternamnet Aadland, var redaktør frå starten og fram til 1991. Den første tida redigerte Oldervoll avisa heime hos seg sjølv, sidan hos onkelen, som han overtok garden etter.

Dei tre første åra kom avisa ut kvar fjortande dag. Frå mars 1980 vart ho vekeavis, og har vore det sidan. Folketalet i Samnanger er omlag 2300, og det betyr at kommunen eigentleg er for liten til å ha ei eiga avis. Storparten av innbyggjarane bur inst i Samnangerfjorden, ein smal fjordbotn med fjell på alle kantar. Sentrum i kommunen ligg ein halvtimes køyretur frå Bergen, men fjell og tunnelar har gjort at Samnanger ikkje er blitt nokon forstad til Bergen. Bygdesamfunnet har dermed greidd å ta vare på den lokale identiteten.

Nytt utstyr

Drifta dei første åra var ei blanding av dugnadsinnsats og dårleg betalt deltidsarbeid. Skrivemaskin, fotoapparat og kopimaskin vart ikkje innkjøpt før i 1983. Det store gjennombrotet kom i 1988. Då kjøpte Samningen ein Mac og skrivar, og kunne produsere sidene sjølv. Samstundes vart staben utvida – frå ein redaktør i trekvart stilling til ein journalist i full stilling og ein redaktør i halv. Sidetalet vart og dobla, frå fire til åtte. Satsinga vart finansiert gjennom kassakreditt og teikning av nye andelar. Etter utvidinga hadde bladlaget 251 andelseigarar.

Satsinga i 1988 skjedde i von om at vekeaviser skulle få pressestøtte. Støtten for 1989 var 100 000 kroner – nesten like mykje som prisen på det nye datautstyret. Sidan har pressestøtten vore ein føresetnad for at Samningen har kunne halde fram som ei profesjonell vekeavis. I 1996 fekk Svein Oldervoll Samnanger kommune sin kulturpris for arbeidet som bladstyrar og forfattar. I 2004 kom han tilbake og tok over som redaktør etter Ivar Bård Aadland, og han hadde stillinga fram til 2014.

Opplag

Opplagstall for Samningen, 1986-2023

1986 1356
1988 1340
1990 1342
1991 1342
1992 1347
1993 1312
1994 1340
1995 1320
1996 1320
1997 1300
1998 1311
1999 1306
2000 1284
2001 1269
2002 1388
2003 1382
2004 1339
2005 1360
2006 1374
2007 1380
2008 1387
2009 1375
2010 1393
2011 1418
2012 1404
2013 1419
2014 1438
2015 1433
2016 1424
2017 1396
2018 1407
2019 1411
2020 1398
2021 1431
2022 1396
2023 1379
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
  • 2015: 1433
  • 2016: 1424
  • 2019: 1411
  • 2020: 1398
  • 2021: 1431
  • 2022: 1396
  • 2023: 1379

Fakta

  • Første nr. 6.12.1976, første redaktør Svein Oldervoll Aadland.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Flo, I., red. (2010): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra A til Å, bd. 4. Oslo: Universitetsforlaget

Faktaboks

Samningen
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg