Faktaboks

Rudyard Kipling

Fødd Joseph Rudyard Kipling

Uttale
kˈipling
Fødd
30. desember 1865, Bombay (no Mumbai), Britisk India (no India)
Død
18. januar 1936, London, England
Rudyard Kipling

Rudyard Kipling

Av /NTB Scanpix ※.

Rudyard Kipling var ein britisk forfattar som i 1907 fekk Nobelprisen i litteratur. Han er mellom anna kjend for barneboka Jungelboka med karakterane Mowgli, Bagheera og Baloo. Han har og skrive diktet «If», som blir rekna blant dei mest populære dikta i engelsk litteratur.

Bakgrunn

Kipling blei fødd i Bombay i britisk India (noverande Mumbai, India). Han blei send på kostskule i Westward Ho, Devon, og skildrar skulegangen i Stalky and Co. (1899), der han sjølv opptrer under namnet Beetle.

Indiske forteljingar

I perioden 1882–1889 oppheldt han seg igjen i India og blei redaktør av bladet The Pioneer. Frå denne tida stammar fleire av hans beste indiske forteljingar, mellom anna Plain Tales from the Hills (1888) og Soldiers Three (1889), som gjorde han berømt. Det framandarta stoffet er levande og humoristisk framstilt med skarp journalistisk sans for karakteristiske detaljar. Dette, i tillegg til den ungdommelege begeistringa hans for det britiske imperiet og den tilhøyrande «siviliserande misjonen», bidrog til å skaffa han ein stor lesarkrins over heile den engelsktalande verda.

Soldatdikt

Kiplings litterære rykte blei ytterlegare styrkt av Barrack-Room Ballads (1892), ei samling dikt, mellom anna Mandalay, som gir eit livleg og truverdig bilete av kvardagen til den meinige soldaten.

Jungelboken

Kipling var mange år på reise i alle verdsdelar. Etter 1896 budde han for det meste i England. Dei verdskjende forteljingane om Mowgli og dyra i den indiske jungelen, The Jungle Book og The Second Jungle Book, kom ut i åra 1894–1895 med illustrasjonar av faren, John Lockwood Kipling. Sjølv illustrerte han den berømte barneboka si om korleis dyra fekk skikkelsane sine, Just So Stories (1902, fleire norske omsetjingar med ulike titlar). I denne perioden skreiv han også ein av sine beste romanar, Kim (1901), som i tillegg til å vera ei spennande forteljing også er rik på detaljar frå Kiplings liv som barn og vaksen i India.

If

If, eit av dei mest populære dikta i engelsk litteratur, kom i 1910. Det er stila til sonen John. Diktet uttrykkjer Kiplings ideal for moralsk og mandig livshaldning, og er i versteknisk samanheng noko av eit meisterverk. Det er kjent og populært også i Noreg, mellom anna gjennom omsetjingar av C.J. Hambro og André Bjerke.

Ettermæle

Kipling var ein uhyre produktiv forfattar, og bøkene hans er omsette til mange språk. På norsk ligg mellom anna Romaner og fortællinger føre i seks bind (1929). I 1907 fekk Kipling Nobelprisen i litteratur. Elles har han blitt svært ulikt vurdert.

I den første tida etter at han døydde, blei livssynet og den politiske haldninga hans rekna som avleggs, og det meste av diktinga hans (bortsett frå barnebøkene) blei avfeia som platt eller bombastisk.

Ei revurdering som byrja med Edmund Wilson og T.S. Eliot og var meir eller mindre fullbyrda innan 100-årsjubileet i 1965, har likevel slått fast at Kipling ikkje var nokon ukritisk, flaggviftande imperialist. Eit anna ledd i revurderinga bestod i å bringa Kiplings seinare produksjon fram i lyset og underkasta denne seriøs kritikk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Carrington, Charles: Rudyard Kipling : his life and work, rev. ed., 1978, isbn 0-333-25456-2
  • Dobrée, Bonamy: Rudyard Kipling : realist and fabulist, 1967
  • Harrison, James: Rudyard Kipling, 1982, isbn 0-8057-6825-4
  • Keating, Peter: Kipling : the poet, 1994, isbn 0-436-23249-9
  • Page, Norman: A Kipling companion, 1984, isbn 0-333-31538-3

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg