Reiar er eit mannsnamn. Det er ein variant av Reidar som går tilbake til det norrøne (H)reið-arr. Namn som byrjar på Reid-, går tilbake til det norrøne ordet hreiðr som tyder ‘reir’. I namn kan forleddet Reid- truleg omsetjast med ‘hus’. Det er usikkert kva -ar tyder i Reidar.

Namnet har fleire variantar: Reiar, Reidar, Reier.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 menn (fødde i Noreg) som hadde Reiar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg