Peter Benum

Faktaboks

Peter Benum

Peter Albert Benum

Født
24. februar 1882, Beitstad (no Steinkjer), Trøndelag
Død
1959, Mosjøen (no Vefsn), Nordland

Artikkelstart

Peter Benum var botanikar og lærar. Han var styrar av den botaniske avdelinga ved Tromsø Museum gjennom mange år og kompletterte det nordnorske herbariet gjennom feltundersøkingar.

Peter Benum var fødd i Beitstad i Trøndelag . Han gjennomførte underoffiserskulen i 1901–1904 og tok examen artium i 1907. I 1904 blei han lærar ved Vefsn folkehøgskule, som broren, Odin Benum, hadde skipa. Han var overlærar ved Tromsø lærarskule frå 1921, lektor same staden frå 1938 til 1947 og konstituert rektor studieåret 1946–1947. Parallelt med lærargjerninga ved lærarskulen var Benum frå 1926 styrar for den botaniske avdelinga ved Tromsø Museum, og frå 1947 til 1952 var han tilsett som konservator på fulltid.

Benum underviste primært i naturfag ved lærarskulen. Særleg interesserte han seg for botanikk. Han innleidde ein ny epoke ved den botaniske avdelinga ved Tromsø Museum. Han utvida og kompletterte særleg det nordnorske karplante-herbariet, slik at det kunne bli ei representativ samling for forsking. Han gjorde feltundersøkingar over det meste av Nord-Noreg og samla eit stort materiale frå Troms fylke, som utgjorde grunnlaget for det store arbeidet hans The flora of Troms fylke (1958).

Benum var sterkt engasjert i den frilynde ungdomsrørsla og var redaktør for ungdoms- og målbladet Haaløygen, organ for Hålogaland Ungdomslag, i 1908–1913. Han var medlem i styret for Bondeungdomslaget i Tromsø i seks år og styreleiar i 1924 og 1928, og han var medlem i styret for Noregs Ungdomslag i 1919–1924. Han var òg engasjert i målsaka. I 1899 var han med på å skipe Mosjøen og Vefsn Mållag.

Benum var medlem av styret ved Tromsø Museum i 1927–1949, styreleiar i 1933–38. I 1939 blei han æresmedlem av museet.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Kristian Halse: «Oplysning skal være vor Lyst». Vefsn folkehøgskole 1899–1999. Mosjøen 1999
  • Jan Kløvstad (red.): Ungdomslaget. Noregs Ungdomslag 1896–1996. Oslo 1995
  • Toralv Lunde: Bondeungdomslaget i Tromsø i 25 år. 1914–1939. Tromsø 1939
  • Tromsø Museum gjennom 75 år. 1872–1947. Trondheim 1947
  • Ørnulv Vorren (red.): Museum og universitet. Jubileumsskrift til Tromsø Museum 1872–1972. Tromsø 1972

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg