Paul Svarstad

Faktaboks

Paul Svarstad
Født
6. mars 1917, Innvik i Stryn, Vestland
Død
3. april 1998

Paul Svarstad var gardbrukar, journalist og politikar. Han var redaktør i avisa Fjordingen i Stryn og seinare frilansjournalist, og sat på Stortinget i to periodar, frå 1965 til 1973.

Av /Stortingsarkivet/Scanpix.

Artikkelstart

Paul Svarstad var gardbrukar, journalist og stortingsrepresentant.

Paul Svarstad var fødd i Stryn. I ungdomsåra var han elev ved Framnes ungdomsskule i Norheimsund i 1931–1932 og 1935 og lærling på Statens Forsøksgard Njøs i 1935. Han arbeidde elles som skogsarbeidar, hestehandlar og sagmeister, før han overtok farsgarden i 1947. I 1949–1952 var han redaktør i avisa Fjordingen i Stryn, og han arbeidde som frilansjournalist i perioden 1975–1986.

Under andre verdskrigen gjekk Svarstad i motstandsrørsla si teneste. Han vart vald inn i kommunestyret i Innvik første gongen i 1952, og han var aktiv i lokalpolitikken fram til 1979, i 1975–1976 som ordførar i Stryn kommune. Svarstad hadde bak seg leiarverv i høgrelaga i Gloppen og Innvik før han gjekk inn som formann i fylkeslaget i 1962–1964. I 1965 vart han vald inn som stortingsrepresentant for Høgre frå Sogn og Fjordane, med Strynefjellsvegen som fanesak. Han hadde fast plass på Stortinget i to periodar, som medlem av samferdselskomiteen.

Svarstad hadde fleire offentlege og administrative verv, mellom anna som leiar for Nordfjord Kjøttindustri 1961–1963, Rådet for Nordfjord Meieri 1960–1964, Rådet i Vestlandsbanken 1978–1986 og Statens Landbruksbank 1982–1983. Han var ein ivrig lokalhistorisk skribent og skreiv ei sogebok om Innvik i 1981.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg