Panorama Nyheter er ei norsk nettavis som er eigd av Norad – Direktoratet for utviklingssamarbeid. Avisa kom frå starten i 1998 til 2023 ut med namnet Bistandsaktuelt. Ho har som føremål å bringa dagleg oppdatert stoff om norsk og internasjonal utvikling og bistand, i form av nyheiter, reportasjar og debattartiklar. Fokus er først og fremst retta mot land i Afrika, Latin-Amerika, Asia og Midtausten, der Norad er sterkast engasjert.

Panorama Nyheter kjem to gonger i året ut i papirformat som magasin.

Sjølv om Panorama Nyheter har Norad som eigar, har redaksjonen ei uavhengig stilling med høve til å driva kritisk journalistikk om til dømes norsk bistandsarbeid. Avisa arbeider etter retningslinene i Redaktørplakaten og Ver varsam-plakaten.

Redaktør frå 2021 er Elisabeth Onsum.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg