Faktaboks

Sykkylvsbladet
Offisielt namn
SYKKYLVEN MEDIA AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Logo
Logo
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Siste utgåve, 23. desember 2020
Siste utgåve, 23. desember 2020
Av .

Sykkylvsbladet var ei lokalavis i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal. Avisa vart grunnlagt i 1946 og kom ut to gonger i veka helt til desember 2020, då ho vart slått saman med lokalavisa Sunnmøringen i nabokommunen Stranda. Den nye avisa fekk namnet Nyss og kom ut med sitt fyrste nummer 6. januar 2021. Sykkylvsbladet vart tildelt prisen Årets lokalavis i 1993. Avisa vart utgitt av Sykkylven Media AS. Siste redaktør var Frank Kjøde.

Historie

Møbelindustrien i Sykkylven skaut fart i 1930-åra, og samstundes fekk bygda si fyrste avis, Sunnmøringen. Avisforetaket var ikkje liv laga, og på vårparten i 1934 kom siste nummer, etter knapt eitt års drift.

Etter den andre verdenskrigen låg forholda betre til rette for ei leve dyktig lokalavis. Sykkylvsbladet blei til ved at fleire interesserte skipa eit lutlag med over hundre eigarar. Avisa kom ut med sitt første nummer 14. februar 1946, var på fire sider og kom ut kvar torsdag. Redaktørar var tannlegen Johan Drabløs og kontoristen Øystein Eliassen, begge på deltid. Avisa skulle «spegle att sykkylvssamfunnet» og viste seg å vere levedyktig, rett nok ikkje utan store problem til tider.

Sjølv med velvillig interesse både frå lesarar og annonsørar var det på den tida ikkje så lett å gje ut lokalavis, verken teknisk eller økonomisk. Den første tida nytta dei flatpresse og manuell setjing, setjemaskin fekk dei fyrst i 1949 og det første fotoapparatet fyrst i 1956. På denne tida hadde avisa ein vervekampanje, saman med ein noko friskare journalistikk. Det gav gode resultat. Både lesartal og økonomi tok seg opp, og avisa kom inn i ein lang framgangsperiode.

I 1967 fekk avisa offsetmaskin, som den første avisa i Møre og Romsdal. To år etter gjekk avisa over til tabloid formatet. I 1980 gjekk ho over til å kome ut to gonger i veka, medan også sidetalet auka. Frå 1987 og utover tok også Sykkylvingen i bruk datateknologi, på den tida eit stort økonomisk løft for ei lita avis.

Hausten 1981 fekk Sykkylvsbladet ein lokal konkurrent, Bygdeposten. Han blei starta av eit par eldsjeler som ønskte ein friskare og meir «lesarvenleg» journalistikk. Men mange, både lesarar og annonsørar, tykte at to lokalaviser på ein såpass liten stad blei i meste laget. Allereie sommaren året etter fusjonerte dei to avisene, med Sykkylvsbladet som namn. Både teknisk utstyr og eldsjelene frå konkurrenten gjekk inn i det fusjonerte bladet. Den eine av desse, Frank Kjøde, etter kvart som både redaktør og dagleg leiar. Han har også i fleire år hatt leiande verv i Landslaget for Lokalaviser.

Sykkylvsbladet blei kåra av Landslaget for lokalaviser til «Årets lokalavis 1993». I 1997 kjøpte Vårt Land A/S aksjemajoriteten i avisa, men selde seg ut i 2007. Då overtok Frank Kjøde og Åge Eikrem alle aksjane.

I desember 2020 vart Sykkylvsbladet slått saman med lokalavisa Sunnmøringen i nabokommunen Stranda. Den nye avisa fekk namnet Nyss og kom ut med sitt fyrste nummer 6.1. 2021.

Fakta

  • Fyrste nummer kom 14.2.1946, dei fyrste redaktørane var Johan Drabløs og Øystein Eliassen.
  • Siste nummer kom 23.12.2020.

Opplag

Opplagstall for Sykkylvsbladet, 1986-2020

1986 2378
1988 2416
1990 2569
1991 2569
1992 2585
1993 2614
1994 2655
1995 2647
1996 2677
1997 2633
1998 2665
1999 2701
2000 2705
2001 2749
2002 2737
2003 2751
2004 2756
2005 2792
2006 2833
2007 2937
2008 2980
2009 3017
2010 3026
2011 2971
2012 2975
2013 2927
2014 2856
2015 2797
2016 2718
2017 2617
2018 2564
2019 2469
2020 2401
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
  • 2. halvdel 2019: 2469
  • 2. halvdel 2020: 2401

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg