Ola Sjursson Mosafinn

Faktaboks

Ola Sjursson Mosafinn
Født
14. juli 1828, Voss, Vestland
Død
28. desember 1912, Voss
Av .

Artikkelstart

Ola Sjursson Mosafinn var ein turnerande hardingfelespelar frå Voss som reformerte hardingfelerepertoaret.

Bakgrunn og læremeistrar

Ola Sjursson Mosafinn var fødd på Voss i Søndre Bergenhus Amt (no Vestland). Han byrja å lære seg felespel i seksårsalderen, først gjennom å lytte til faren, som var ein dugande spelemann, men som ikkje var særleg ivrig etter å lære spelet sitt vidare til sonen. Av lokale spelemenn var det Anders Berge som blei den viktigaste læremeistaren hans. I 1840-åra kom han òg i kontakt med den meir kjende vossaspelemannen Nils Rekve.

Mosafinn spela på lokale samankomstar frå han var 12 år gamal. Av konfirmasjonspresten på Voss fekk han ei kort, seksvekers opplæring i læraryrket, og han arbeidde som lærar i to år. Sidan lærte han seg skreddaryrket, som han i fleire periodar hadde som leveveg ved sida av at han turnerte som konsertartist.

Spelferder

Som spelemann utvikla Mosafinn ein framifrå teknikk, og han utmerkte seg særleg med bogetaka sine. I 1849 drog han på si første spelferd til Hardanger og Haugesund. Hardanger besøkte han jamleg gjennom heile livet og blei i samtida omtalt som hans «andre fedreland». I 1850 besøkte han Lærdalsmarknaden, der han møtte valdresspelemannen Nils Himle, son av Jørn Himle, som lærte han fleire «rengjeslåttar». I 1850-åra var han fleire gonger i Sogn, Hardanger, Bergen, Sunnhordland og Haugesund. I 1860–1861 turnerte han i Gudbrandsdalen og Østerdalen.

I 1879 spela Mosafinn for Ole Bull og Edvard GriegLofthus, og året etter heldt han to konsertar for fulle hus i Håndverkerforeningen i Bergen. I det påfølgjande tiåret besøkte han òg Sunnfjord og Sunnmøre. I åra 1890–1892 drog han så på to turnear til Amerika. Etter dette kjøpte han seg eit hus på Saue, nabogarden til barndomsheimen på Voss, der han budde resten av livet. Mosafinn hadde si siste spelferd i 1910, då han besøkte fleire stader på Vestlandet, og året etter heldt han den siste konserten sin på Voss. Same året blei det gjort pathéfon-opptak av han.

Repertoar

Ei formulering som ofte går att om Mosafinn, var at han ikkje komponerte slåttar, men restituerte dei. Det finst berre to komposisjonar etter Mosafinn, ein springar og eit programstykke med tittelen «Gjætarlokketonar frå Voss», sett saman av folketonar. Generelt var han meir oppteken av å «reinske» det overleverte slåttestoffet for det han oppfatta som veike og/eller upassande element, i tillegg til å gi slåttane ei klarare form. I ein avisartikkel frå 1886 heiter det at Mosafinn hadde «en ganske mærkelig evne til at af slåtterne at udrense alt, som støter øret, og at indflette og gjengive dem i sin smukkeste form». Mosafinn-formene av slåttar frå Voss og Hardanger har fått stort gjennomslag i ettertida.

Mosafinn hadde ei omfattande slåttekunne. Arne Bjørndal skreiv ned om lag hundre slåttar etter han, medan sjubandsverket Norsk folkemusikk inneheld 77 Mosafinn-slåttar. Eit gjennomgåande trekk ved desse slåttane er den lydiske tonaliteten. Repertoaret bestod i hovudsak av stoff frå Voss og Hardanger, og dessutan noko frå Valdres og Telemark. Han tileigna seg ei rekkje slåttar frå Hardanger gjennom spelemenn som Hans Selland og Ola Håstadbø. Telemarkmusikken hadde han særleg frå Leif Sandsdalen.

I tillegg spela han mykje runddansspel som vals, pols, reinlendar, som han lærte av den omreisande flatfelespelemannen Karl August Torsteinsson, og frå notar. Medrekna runddansspel bestod repertoaret hans av om lag 300 stykke. Eit utval slåttar etter Mosafinn er spela inn av Knut Buen, Leif Rygg og Kåre Nordstoga på plata Bjølleslåtten (1994).

I 1921 blei Nils Bergslien sitt minnesmerke over Mosafinn, «Ridande Vossabrudlaup», innvigd på Voss.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bleie, Jon: Halldor Meland. Eit liv i tonar. Ein bolk or soga om folkemusikken i Hardanger. Oslo 1976
  • Bjørndal, Arne: Ola Mosafinn, 1922

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg