Mariell er eit kvinnenamn som kan tolkast som norsk stavemåte av det franske Marielle.

I fransk blir ikkje [e]-en til slutt uttalt, og dette har gitt seg utslag i norsk stavemåte utan [e].

Namnet har fleire variantar: Mariel, Mariell, Marielle.

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 253 kvinner i Noreg som hadde Mariell som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 12 jenter som fekk namnet Mariell.

Utvikling i bruk av namnet

Dei franske kvinnenamna var mest populære innanfor tidsrommet 1975–2009. I tillegg til Mariell, som var mest brukt 1995–1999, gjeld dette til dømes Annette, Charlotte, Henriette, Jeanette, Yvonne, Renate og Madeleine.

Utvikling i bruk av namnet Mariell frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Mariell frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg