Faktaboks

Kåre Mol

Kåre Johan Mol

Fødd
23. februar 1962, Rauland
Kåre Mol i 2021
Kåre Mol i 2021
Av /NTB.

Kåre Mol er ein norsk volleyballtrenar og tidlegare volleyballspelar frå Strandvik i Vestland. Han har vore profesjonell spelar i utlandet og står med 95 landskampar for Noreg. Som trenar har han hatt ansvar for utøvarar i fleire OL, deriblant sonen Anders Mol og hans lagkamerat Christian Sørum. Duoen tok Noregs første OL-gull i sandvolleyball under OL i Tokyo i 2021. Han var og trenar for sambuaren Merita Berntsen Mol og Ragni Hestad under OL i 1996.

Kåre Mol vart i 2019 kåra til verdas beste trenar i sandvolleyball av det internasjonale volleyballforbundet (FIVB).

Spelarkarriere innandørs

Kåre Mol var ein markant spelar i norsk volleyball på 1980-talet. Han vart først kjend som spelar på Skien-laget Gimsøy, der han var lagkamerat med mellom andre Jan Kvalheim. På denne tida byrja norske spelarar å få proffkontraktar med klubbar i Europa, og Mol gjekk i 1983 frå Hellerasten til Delta Lloyd Amstelveen i Nederland.

Tre år seinare kom han tilbake til Noreg, der han frå 1986 var ein sentral spelar for Randaberg. I 1988 vart han spelande trenar for klubben, og rogalendingane vann sin første NM-tittel i 1989.

Sommaren 1989 takka Mol ja til eit tilbod om å bli spelande trenar for Skien VBK. Med Mol som sentral figur i klubben vann Skien både grunnspelet og sluttspelet i eliteserien i 1991.

Mol var igjen spelande trenar for Randaberg frå 1991 til 1993, og frå 1992 kombinerte han denne jobben med å vere trenar for det norske herrelandslaget. I 1993 melde han overgang til Nyborg i Bergen, samstundes som han vart tilsett som klubbutviklar i Hordaland volleyballkrets.

I 1994 trappa Kåre Mol ned spelarkarrieren og vart trenar for Fyllingen sitt elitelag for damer. Laget vart noregsmeistrar med siger i cupfinalen i 1995.

Mol spelte 94 kampar for det norske herrelandslaget innandørs.

Spelarkarriere utandørs

I august 1990 stilte Mol opp i ei internasjonal turnering for tremannslag i sandvolleyball i Frankrike. Saman med Jan Kvalheim og Tiit Anderson vann han turneringa.

I 1991 vart Mol saman med makker Bjørn Maaseide kåra til dei første skandinaviske meistrane i sandvolleyball. Saman med Jetmund Berntsen tok han og bronse i NM i 1995. Men det var som trenar han oppnådde dei aller beste resultata.

Trenarkarriere

Då sandvolleyball for første gong var på OL-programmet i 1996, var Mol med som trenar for sambuaren og den seinare ektefellen Merita Berntsen og Ragni Hestad. Det norske paret enda på niandeplass.

Seinare har Mol fleire gongar vore trenar for norske lag i OL. Han har og vore landslagstrenar innandørs, og han har vore sportssjef i Norges volleyballforbund.

Sidan 2015 har Mol vore hovudtrenar på heiltid for den norske satsingsgruppa Beachvolley Vikings, der sonen Anders Mol og Christian Sørum er rangerte som det beste sandvolleyballparet i verda. Med Mol som trenar vann dei verdsseriefinalen i 2018 og 2021. Dei vart europameistrar i 2018, 2019, 2020 og 2021.

I 2021 var Kåre Mol hovudtrenar då Anders Mol og Christian Sørum tok OL-gull i Tokyo.

Framfor 2022-sesongen valde Mol å trappe ned som trenar. Han gjekk då over i ein rolle som mentor for Beachvolley Vikings.

Trenarforeininga i Det internasjonale volleyballforbundet (FIVB) kåra i 2019 Mol til verdas beste trenar for det føregåande året. Han fekk og pris som trenaren i verda med størst framgang for laget sitt. Det europeiske volleyballforbundet (CEV) kåra dessutan Mol til årets trenar i 2019, 2021 og 2022.

Publikasjonar

Kåre Mol har skrive fleire fagbøker om volleyball. I 2005 kom bøkene Ballsidighet – leik og trivsel med ball og Volleyballens ABC (med Espen Stensvoll). Han har og skrive fagheftet Minivolleyball, som vart publisert i 2007.

Klubbar

  • Gimsøy (–1983)
  • Delta Lloyd Amstelveen, Nederland (1983–1986)
  • Randaberg (1986–1989 og 1991–1993)
  • Skien (1989–1991)
  • Nyborg (1993–1994)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Kolbjørn Rafoss: Å spille ballen tilbake – volleyballens historie i Norge (1998)
  • Nasjonalbiblioteket: Rogalands Avis, Stavanger Aftenblad og avisa Varden.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg