Nyborg Volleyballklubb var ein volleyballklubb i Bergen, skipa 14. mai 1981. Klubben slo seg i 1990 saman med Ulriken Volleyballklubb, som hadde spelt i eliteserien sidan 1984. Dei var sidan ein av dei leiande klubbane på herresida i norsk volleyball, og hadde frå sesongen 2014–2015 også elitelag for damer.

Nyborg vart i 2016 ein del av volleyballgruppa i TIF Viking.

Fakta

  • Drakt: Rød
  • Heimebane: Stemmemyrshallen

Historie

Ulriken Volleyballklubb hadde fleire cup- og seriemeisterskap då dei vart innlemma i Nyborg Volleyballklubb i 1990. Likevel gjekk det fleire år før klubben oppnådde sin første triumf. Den kom med seriegullet i 2000, då Nyborg gjekk gjennom heile sesongen utan å tape éin einaste kamp.

Sidan har klubben vore ein av dei dominerande i Noreg. Klubben har vunne eliteserien i volleyball for herrar ni gongar, teke fem NM-titlar, vunne nordisk meisterskap tre gongar og delteke i europacup ei rekkje gongar.

Nyborg fusjonerte i 2016 med Turn- og Idrettsforeningen Viking, og dei spelar no i eliteserien under namnet TIF Viking.

TIF Viking kom som første norske lag til kvartfinale i ein europacup, då dei spelte mot russiske Fakel Novy Urengoy i Challenge Cup i sesongen 2016–2017. TIF Viking tapte der begge kampane 0–3.

I 2018 tok TIF Viking som første norske herrelag gull i både serien, cupen og nordisk meisterskap.

Kjende spelarar

Nokre kjende spelarar er Endre Synnevåg, Otte Bjelland, Kåre Helvik Morken og Andreas Takvam.

Merittar

  • Seriemeister 2000, 2002, 2005, 2009, 2010, 2011, 2012, 2014, 2015.
  • NM-gull 2002, 2010, 2012, 2013, 2015.
  • Siger i nordisk meisterskap 2013, 2016.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg