Faktaboks

Kirsti Koch Christensen
Fødd
1. desember 1940

Kirsti Koch Christensen er ein norsk lingvist. Ho var den første kvinnelege rektoren ved Universitetet i Bergen (UiB) frå 1999 til 2005. Ho blei professor i språkvitskap med særleg vekt på japansk same staden i 1991.

Akademisk utdanning og karriere

Den akademiske utdanninga si har Christensen fra Universitetet i Oslo der ho blei mag. art. i allmenn språkvitskap i 1978 på ei avhandling med tittelen A Study of Japanese Causative Constructions. At ho kom til å spesialisere seg i japansk har samanheng med at ho saman med familien sin budde i Japan i fleire år, og studerte japansk i Kobe mellom 1971 og 1973. Dette stimulerte interessa hennar for lingvistikk. Vel heime i Oslo igjen tok ho grunnfag i japansk i 1974 og i allmenn språkvitskap i 1975. Ho var førsteamanuensis i lingvistikk ved Universitetet i Bergen fra 1988 til 1990 og ved Universitetet i Oslo fra 1990 til 1991 da ho blei professor ved UiB.

Forsking og undervisning

Som forskar har Christensen i hovudsak konsentrert seg om teoretisk syntaks med data frå japansk og skandinaviske språk. Ho har deltatt i fleire større forskingsprosjekt. Undervisningserfaring har ho frå ulike institusjonar og i ulike emne: allmenn lingvistikk, syntaks, morfologi, semantikk, psykolingvistikk, norsk grammatikk, stilistikk og språkbruksanalyse, japansk språk (grammatikk og tekstanalyse) og japanske samfunnsforhold. Ho har òg engasjert seg i prosessorientert skriving og skrivepedagogkk.

Universitetspolitikk og eksterne verv

Ein vald universitetsrektor er naturleg nok meir enn gjennomsnittleg interessert i universitetspolitikk. Lenge før ho blei rektor i Bergen hadde Christensen såleis ymse fagpolitiske og administrative verv på institutt-, fakultets- og styrenivå, både i Oslo og i Bergen. Ho var dessutan prorektor i Bergen før ho blei vald til rektor.

Rektortida hennar var prega av fleire store nasjonale reformer i høgare utdanning. Med slike reformer og den første felles lova for universitets- og høgskolesektoren frå 1995 som bakgrunn blei universitetsutviklinga sterkt prega av ein vekselverknad mellom nasjonale aktørar og aktørar på institusjonsnivå og i Christensens rektortid også på europeisk nivå. I dette samspelet hadde Christensen ein tydeleg plass. Ho har vidare vore engasjert i ymse samarbeidsorgan på nordisk og europeisk nivå, samstundes som ho også har lagt ned ein innsats i Noregs forskingsråd (også i det tidlegare NAVF), i Norsk språkråd mellom 1992 og 1999, og ho har sete i styret for det daverande Statoil i ein periode fra 1999.

Utmerkingar

Christensen er Ridder av 1. klasse av Den kongelege norske St. Olavs Orden frå 2003. I 2006 fekk ho den japanske ordenen Den oppadstigende sols orden.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Andersen, Øivin, Kjersti Fløttum og Torodd KInn (red.) (2000): Menneske, språk og fellesskap. Festskrift til Kirsti Koch Christensen på 60-årsdagen 1. desember 2000. Oslo: Novus

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg