Faktaboks

Initiativ Vest
Organisasjonstype
923132104

Initiativ Vest er ei tankesmie som vart skipa i 2020 med føremålet å fremja idé- og produktutvikling for Vestlandet. Samstundes skal ho motverka den såkalla Oslo-dominansen når det gjeld prioriteringar innan til dømes politikk og næringsliv. Initiativ Vest har kontor i Bergen. Tankesmia presenterer seg sjølv som ei allmennyttig stifting som ser det som naudsynt med «eit styrkja samarbeid på Vestlandet for å utløysa det store potensialet som fins her».

Dagleg leiar av Initiativ Vest er frå 2022 Mathias Fischer, som mellom anna har bakgrunn som statssekretær i Klima- og miljødepartementet 2020-2021, rådgjevar i Venstres stortingsgruppe og kommentator i Bergens Tidende og TV 2.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg