Ingbjørg er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Ingi-bjǫrg. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Ing, Yngve. Etterleddet tyder ‘berging’.

Namnet har fleire variantar: Ingbjørg, Ingebjørg.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 100 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Ingbjørg som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ingbjørg på 1800-talet.

Ingbjørg var klart mest brukt i Oppland og Telemark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ingbjørg på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Ingbjørg var klart mest brukt i Oppland og Telemark. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Ingbjør.)

Historisk bruk av namnet Ingbjørg
Historisk bruk av namnet Ingbjørg
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg