Indre Nordmør

Artikkelstart

Indre Nordmør var ei lokalavis utgitt i Surnadal i perioden 1979–1991.

Etablering

Indre Nordmør vart skipa som følgje av eit ønske om å gi dei tre kommunane Surnadal, Rindal og Halsa ei eiga lokalavis. Det første nummeret kom 24. november 1979, og avisa hadde nynorsk som redaksjonsspråk. Indre Nordmør vart utgitt i Surnadal og var eigd av nokre lokale forretningsdrivande i lag med Aura Avis, som kom ut på Sunndalsøra. Avisa hadde eit opplag på ca. 2000.

Drift

Indre Nordmør var ei politisk uavhengig avis, med eit svært lokalprega innhald. Etableringa av avisa utløyste skarp konkurranse med andre aviser i området, som hadde same nedslagsfelt. Særleg Driva og Tidens Krav mobiliserte då den nye avisa kom til.

Lars Steinar Ansnes var den første redaktøren for Indre Nordmør, i perioden 1979–1982. Han var 23 år gamal då avisa starta og var med det den yngste redaktøren i landet. Frå tidlegare hadde han erfaring som journalist i Romsdalsposten. Ansnes vart etterfylgd av Jostein Dønnem, Ole Magne Ansnes og til slutt Olav Grimsmo, som var den siste redaktøren. Mesteparten av tida ho eksisterte, hadde avisa tre til fire tilsette.

Indre Nordmør kom ut tre gonger i veka dei første tre åra. Hausten 1982 vart ho redusert til vekeavis. I 1991 gjekk avisa inn, som del av større endringar i avisstrukturen på indre Nordmøre.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Flo, I., red. (2010): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra A til Å, bd. 4. Oslo: Universitetsforlaget

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg