Ildrid er eit kvinnenamn. Det er ein variant av Eldrid frå norrønt Eldríðr. Dette norrøne namnet er truleg innlånt frå gammalengelsk Æthel-tryth. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘edel (av slekt)’ og etterleddet ‘styrke, kraft’.

Namnet har fleire variantar: Eldri, Eldrid, Elrid, Ildri, Ildrid.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 70 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Ildrid som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ildrid på 1800-talet.

Ildrid var klart mest brukt i Møre og Romsdal .

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ildrid på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Ildrid var klart mest brukt i Møre og Romsdal (Nordmøre). (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Ildri.)

Historisk bruk av namnet Ildrid
Historisk bruk av namnet Ildrid
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg