Hulda (islandsk forfatter)

Faktaboks

Hulda
pseudonym for Unnur Benediktsdóttir Bjarklind
Født
6. august 1881, Laxárdalur
Død
10. april 1946, Reykjavík

Hulda (pseudonym for Unnur Benediktsdóttir Bjarklind) var ein islandsk forfattar.

Hulda debuterte i 1909 med diktsamlinga Kvæði (Dikt), som fekk stor merksemd og som var med på å introdusere den nyromantiske retninga i islandsk litteratur. Seinare gav ho ut ei rekkje diktsamlingar som er prega av lyrisk venleik og kjenslevare naturskildringar.

Sentrale diktsamlingar er til dømes Við ysta haf (Ved ytste hav, 1926) og Þú hlustar Vár (Du lyttar Vår, 1933). Ho gav også ut novellesamlingar, til dømes Æskuástir 1–2 (Ungdomskjærleik 1–2, 1915–19) og Myndir (Bilete, 1924), der ein finn nokre av dei fyrste islandske prosadikta.

Saman med Jóhannes úr Kötlum vann ho fyrstepremie i konkurransen om kantate til skipinga av republikken Island i 1944.

Dikt av Hulda er omdikta til norsk ved Ivar Orgland i antologiane Islandske dikt frå vårt hundreår (1975) og Dikt av islandske kvinner frå 1700-talet til våre dagar (1985).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg