Slinkombas var ei folkemusikkgruppe som i slutten av 1970-åra etablerte gruppespelet i norsk tradisjonsmusikk.

Folkemusikkgruppa Slinkombas blei danna i 1978 og bestod i førstninga av Kirsten Bråten Bergsong og Gunnar Stubseid og Hallvard T. Bjørgumhardingfele. Til innspelinga av den første plata, Slinkombas (1979), kom fløytespelaren Tellef Kvifte med på laget. På innspelinga av den andre plata, ... og bas igjen (1982), var også Hildur Øygarden komen til som songar. Etter denne utgivinga la gruppa ned aktiviteten, men dei fem medlemene kom saman att for å konsertere i 2008. Same året blei dei to platene gitt ut på nytt som dobbel-CD.

Repertoaret til Slinkombas består av tradisjonsstoff frå Agder, særleg frå Setesdal. Sjølv om dei to platene òg inneheld mykje solostoff for hardingfele, fløyter eller vokal, var det den arrangerte folkemusikken deira som var særleg nyskapande, der vokalen blei akkompagnert av eitt eller fleire instrument. Illustrerande døme på det arrangerte samspelet deira er «Gamle Gunleik» og tittelsporet «Slinkombas» frå den første plata og «Tora Lille» frå den andre.

Namnet «slinkombas» er teke frå ein dans frå Sirdal, ein einmannsdans med eit tilhøyrande rim, der ein skal skifte fotstillingar over to krosslagde stavar. Liknande dansar er kjende frå fleire europeiske land, og sjølve namnet kan vere ei fornorsking av det franske «Les cinq pas» («dei fem stega»).

Den første plata, Slinkombas, blei heidra med Spellemannprisen for 1979.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg