Fedje (tettstad)

Artikkelstart

Fedje er ein tettstad i Fedje kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,6 km², og har 424 innbyggjarar (2020).

Faktaboks

Innbyggertall
424 (SSB, 2020)
Landareal
0,6 km² (SSB, 2020) km²
Tettstedsnummer
5261 Fedje

Fedje er administrasjonssenter i Fedje kommune. Tettstaden ligg lengst nord på øya Fedje, rundt eit naturlig hamneområde danna av Kyrkjevågen med Sørvågen/Dansevågen i vest og Rognsvågen i aust, og med skjermande småøyar ved innløpet. Tettstaden er avgrensa av Husavatnet i sør.

Tettstaden har fiskemottak og -foredling. På Vidnappen lengst vest i tettstaden ligg Fedje Trafikksentral, ein sentral for overvaking av sjøfarten på Vestlandet, mellom anna lostenesta i Nordhordland og Sogn, og trafikk til Mongstad, Stureterminalen og Troll-feltet i Nordsjøen.

Frå Kyrkjevågen er det ferge til Sævrøyna i Austrheim som har fastlandssamband (Fv. 568).

Kart

Fedje
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg