Faktaboks

Nordhordland
Offisielt namn
AVISA NORDHORDLAND AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Isdalstø
Dagleg leiar
Vegard Flatøy (ansvarlig redaktør)
Styreleiar
Svein Atle Huus
Logo
Logo
Av .
Framsida av Nordhordland 3. august 1991.
Nordhordland/Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Nordhordland er ei lokalavis som kjem ut på tettstaden Knarvik to gonger i veka i papirformat, dei andre dagane som nettavis. Avisa vart grunnlagt i 1974 og dekkjer kommunene Alver (tidlegare Lindås, Meland, Radøy), Austrheim, Fedje, Masfjorden og Gulen. Avisa er eigd av A-pressen (Amedia) sidan 2006.

Digitalt

Nordhordland starta med nettavis i 1999. Ordninga med betalingsmur for ikkje-abonnentar vart innført i Nordhordland i 2015. Statistikk hos Mediebedriftenes Landsforening viser at det gjennomsnittlege talet på daglege lesarar av papirutgåve og nettversjon er totalt 11 746 (4. kvartal 2023).

Historie

Med avisene Nordhordland og Strilen fekk distriktet for første gong eigne lokalaviser. Først kom bladet Strilen, som hadde tyngdepunktet lenger nord på Lindås-halvøya. Men i 1974 fekk dette bladet konkurranse av det nyskipa Nordhordland, og avisene har sidan då halde fram med å konkurrere om det aukande talet på lesarar i Nordhordland.

Det var eigarane av Nordhordland Forlag som stod bak avisa Nordhordland, som starta i det små med eitt rom på 50 kvadratmeter. Avisa vart leigetrykt ved Nortrykk i Alversund. Starten var god for Nordhordland, som starta med opplag på 600, som raskt auka til 1000 og vidare oppover.

Begge avisene har hovudkontor i Knarvik, og vender seg til heile Nordhordland og Ytre Sogn. Omkring 1960 voks Knarvik til å bli eit nytt senter for heile distriktet, mellom anna grunna ny veg frå den gamle ferjestaden Isdalstø til ny og stor ferjestø i Knarvik. Folketalet i distriktet auka frå rundt 20 000 menneske til bortimot 30 000 i løpet av ein generasjon.

Avisa fekk ein god start ved valet av trykkjeri. Sjølv om det i den første tida var tradisjonell produksjon i bly, var trykkjekvaliteten betre enn i Strilen, ikkje minst for bileta. Nordhordland satsa òg sterkt på moderne avisutforming og ny teknikk, og Nordhordland var den første avisa i Hordaland som tok i bruk fullsideutforming på data. I ein tung økonomisk periode i 1980-åra gjekk avisa over til utgåver tre gonger i veka for å få ferske nyhende raskare ut, særleg etter helgene. Nordhordland gjekk raskt tilbake til to utgåver i veka.

Opplag

Opplagstall for Nordhordland, 1986-2022

1986 5890
1988 5004
1990 4825
1991 5004
1992 5048
1993 5061
1994 5072
1995 4903
1996 3508
1997 4243
1998 4000
1999 4325
2000 4497
2001 4881
2002 5265
2003 5870
2004 6247
2005 6449
2006 6294
2007 6294
2008 6384
2009 6303
2010 5994
2011 6107
2012 5933
2013 5624
2014 5334
2015 4633
2016 4672
2017 4457
2018 4947
2019 5078
2020 5228
2021 4910
2022 5062
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1977 1991
1987 5901
1994 5072
2008 6384
2015 4549
2020 5228
2021 4910
2022 5062
2023 4849

Frå 2020 gjeld netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement (Mediebedriftenes Landsforening).

Fakta

  • Første nr. 4. oktober 1974
  • Nettavis frå 1999
  • Eigd av Amedia frå 2006

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Nordhordland
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg