Embrik er eit mannsnamn som er nordisk form av det tyske Engel-brekt der forleddet tyder ‘anglar (folkestammen)’ og etterleddet ‘lysande’.

Anglarane budde på 400-talet i det området som i dag er Schleswig. I løpet av 400-talet utvandra anglarane til England.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 160 menn (fødde i Noreg) som hadde Embrik som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg