Eliot er eit mannsnamn som har ein komplisert bakgrunn. Det går fyrst tilbake til eit etternamn som har oppstått av eit normannisk-fransk førenamn som i sin tur er ein diminutiv («vesleform») av Elie, fransk form av Elias.

Namnet har fleire variantar: Eliot, Elliot, Elliott.

Kjende personar med namnet Eliot

Eit utval personar med namnet Eliot, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 100 menn (fødde i Noreg) som hadde Eliot som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Eliot i perioden 1900–2017, var det 78 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Eliot. Dette inneber at 22 prosent hadde Eliot som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Eliot på 1800-talet.

Eliot var klart mest brukt i Nordland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Eliot på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Eliot var klart mest brukt i Nordland. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Elioth.)

Historisk bruk av namnet Eliot
Historisk bruk av namnet Eliot
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg