Eirin

Artikkelstart

Eirin er eit kvinnenamn som kan oppfattast som ein variant av Airin av det engelske Irene.

Fram til cirka 1900 var diftongen [ai] sjeldsynt i norsk, og det var vanleg å erstatte det engelske [ai] med [ei]. (Stavemåten ålreit er såleis ein godtatt variant av all right.) Tilsvarande vart Airin gitt att med Eirin. Det er også mogleg (ifølgje Kruken 1989) å sjå på Eirin som eit nylaga namn med forleddet Ei- eller Eir-.

Namnet har fleire variantar: Eiren, Eirin, Eirinn, Eireen.

Namnedag er 5. april. Eiril og Irene har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Eirin

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Eirin Margit Henriksen fødd 1900 i Kristiania.

Kjende personar med namnet Eirin

Eit utval personar med namnet Eirin, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 2800 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Eirin som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer 1989: Merknader til nokre personnamn. [Institutt for namnegransking. Årsmelding 1988]. Oslo.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg