Einy er eit kvinnenamn som kan forklarast på fleire måtar. Namnet kan mellom anna vere avleidd av mannsnamnet Einar. Det kan dessutan vere kjæleform av til dømes Einfrid.

Namnet har fleire variantar: Eini, Einy.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, kan ha vore Einy Østensdatter fødd 1872 i Røldal (Hordaland), busett i Voss i 1900.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 70 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Einy som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg