Arnhild Skre

Faktaboks

Arnhild Skre
Arnhild Johanna Skre
Født
19. mai 1952, Bergen

Artikkelstart

Arnhild Skre var ein norsk historikar, journalist og forfattar.

Skre er cand. philol. med hovudfag i historie. Hovudfagoppgåva omhandlar forholdet mellom parti og presse i norsk etterkrigstid. Ho var frå 2003 til 2010 leiar i Norsk Pressehistorisk Forening og har sidan 2010 vore redaktør i Pressehistorisk tidsskrift. Frå 1978 til 2008 arbeidde Skre som journalist i NRK, Dag og Tid og Aftenposten. Frå 1990 til 1993 var ho ansvarleg redaktør i Dag og Tid, og i perioden 1995 til 1999 var ho avdelingsleiar for Aftenpostens kulturreportasjeredaksjon. Sidan 2009 har ho vore sjølvstendig forfattar og formidlar. I 2011 fekk ho Brageprisen for biografien sin om Hulda Garborg.

Familie

Arnhild Skre er dotter av etnolog og forfattar Brita Gjerdåker Skre (1923–2014) og filolog og konservator Ivar Skre (1923–1992). Ho er gift med statsvitar Nils Butenschøn (1949–).

Bibliografi

  • Hulda Garborg – Nasjonal strateg (2011)
  • «Den store vestvendingen» i Dahl og Hjeltnes (red.) Norsk presses historie bind 3 (2010)
  • La meg bli som leoparden : Ragnhild Jølsen – en biografi (2009)
  • I dag må ingen sitte hjemme. Presse og partilojalitet 1957-1973 (2003).
  • Heltinner jeg har møtt (2005)
  • Dagmammaer i dagslys (1991)
  • Innvandra mat (1988)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg