Brynjulf Gjerdåker

Faktaboks

Brynjulf Gjerdåker
Født
29. august 1943, Voss

Artikkelstart

Brynjulv Gjerdåker er ein norsk historikar som særleg har arbeidd med norsk jordbrukshistorie. Han var historieprofessor ved Høgskulen i Volda frå 2002 til 2013.

Han blei cand.philol. med hovudfag i historie ved Universitetet i Oslo i 1974 og dr.philos. ved Universitetet i Trondheim i 1991.

Gjerdåker var arkivar og førstearkivar ved Statsarkivet i Trondheim frå 1976 til 1994 og var timelærar i historie ved Universitetet i Trondheim/Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i åra 1976 til 2001. Han var tilsett som professor i historie ved Høgskulen i Volda frå 2002 til 2013.

Hovudfagsoppgåva hans frå 1974 tok for seg geografisk og sosial mobilitet i Ullensaker på 1800-talet og var knytt til historieprosjektet «Norsk samfunnsutvikling ca. 1860–1900» ved Universitetet i Oslo. I doktoravhandlingsarbeidet frå 1991 studerte Gjerdåker kulturutviklinga i kystsamfunna Hitra og Frøya på Trøndelagskysten i etterkrigstida. Seinare har han særleg arbeidd med jordbrukshistorie og har skrive ei rekkje artiklar med lokalhistoriske tema.

Gjerdåker skreiv det andre bandet i tobandsverket om historia til Noregs Bondelag, Bygdesamfunn i omvelting 1945–1996 (1995). Han var sentral i arbeidet med bokverket Norges Landsbrukshistorie, som kom ut på Samlaget i fire band i 2002. I det tredje bandet, Kontinuitet og modernitet, tek Gjerdåker for seg utviklinga frå 1814 til 1920, ein periode med store omveltingar i det norske jordbruket. Han har òg skrive Hamars byhistorie frå 1930-åra og fram til om lag 1990: Stiftstad og bygdeby. Hamars historie 1935–1991 (1998).

Det aller meste av den faglege produksjonen har Brynjulv Gjerdåker forfatta på nynorsk. Han var ei sentral drivkraft bak opprettinga av masterstudiet i kulturmøte ved Høgskulen i Volda.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • «Landbruk er meir enn bønder (Om Norges Landbrukshistorie I–IV, Samlaget)», Dag og Tid 1.2.2003

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg