Faktaboks

Bernadette Devlin McAliskey

Bernadette Devlin

Fødd
23. april 1947, Cookstown, Nord-Irland
Bernadette Devlin McAliskey i 1986
Av .

Bernadette Devlin McAliskey er ein nord-irsk aktivist og tidlegare politikar. Ho er kjend som radikal sosialist, tidlegare folkevald i underhuset i London og som aktivist for kvinnerettar, borgarrettar og rettane til irske republikanske fangar under The Troubles (1968–1998). I 1969 vart ho den yngste kvinnelege folkevalde til underhuset, og sat der til 1974. Ein periode frå 1974 sat ho og i leiinga for Irish Republican Socialist Party (IRSP), eit radikalt republikansk parti nært knytt til Irish National Liberation Army (INLA). Seinare gjekk ho over til det irske Independent Socialist Party.

Oppvekst og utdanning

Bernadette Devlin vaks opp i ein katolsk arbeidarklassefamilie. Faren døydde då Bernadette var ni år, og mora døydde då ho var 19. Ein oppvekst i små kår bidrog til å forma henne til radikal sosialist. Bernadette Devlin gjekk på det katolske St. Patrick’s Girl Academy i Dungannon. I 1965 byrja ho på keltiske studie på Queen’s University i Belfast, men gjekk over til psykologi. Ho vart aktiv i the debating society, inntok radikale sosialistiske idear og vart ein av dei mest kjende kritikarane av eittpartistyret til Ulster Unionist Party frå slutten av 1960-talet. Våren 1969 vart siste delen av stipendet hennar inndrege, og Queen’s University avgjorde at ho ikkje fekk ta avsluttande eksamenar. Bakgrunnen var misnøye med dei utanomfaglege aktivitetane hennar, blant anna etter klage frå det unionistdominerte Tyrone Education Board.

Aktivist

I august 1968 deltok Bernadette Devlin i den fyrste borgarrettsmarsjen frå Coalisland til Dungannon. Kort tid etter, i oktober 1968, markerte ho seg som kritisk til at borgarrettsrørsla Northern Ireland Civil Rights Association (NICRA) ville etterkoma pålegg om å oppløysa ein borgarrettsdemonstrasjon i (London-)Derry. Der opplevde ho hardhendt maktbruk frå politistyrkane. Hausten 1968 var Devlin med på å grunnleggja den radikale sosialistiske organisasjonen People’s Democracy på Queen’s University og sat i styret for denne. Dette miljøet møtte organisert motstand mot ein borgarrettsdemonstrasjon frå unionisten Ian Paisley og tilhengjarane hans.

I januar 1969 var Devlin med på ein fire dagar lang borgarrettsmarsj frå Belfast til Derry arrangert av People’s Democracy. Marsjen vart overfalle av om lag 200 lojalistar, der Ulster Special Constabulary (USC) styrkar – såkalla B-specials – deltok i overfallet som vart utførd med kjeppar, jarnstenger, flasker og steinar. 80 politikonstablar frå Royal Ulster Constabulary (RUC) verna ikkje demonstrantane. Då marsjen kom fram til Derry, braut RUC opp protesten og prøvde å rykka inn i den nasjonalistiske bydelen Bogside. Det utløyste omfattande gateuro. Midt i august 1969 var Bernadette Devlin i Derry under slaget om Bogside, som oppstod då politistyrkane og lojalistar ville rykka inn Bogside. Om lag 1000 menneske vart skadde, og Bernadette Devlin vart dømd og sona i Armagh fengsel for oppmoding til offentleg uro i Derry.

Folkevald

Bernadette Devlin var kandidat for People’s Democracy til parlamentet i Belfast (Stormont) i februar 1969. Ho tapte då mot James Chichester-Clarke, som var landbruksminister for Nord-Irland og seinare same året vart leiar for Ulster Unionist Party og Statsminister i Nord-Irland. I april 1969 vann ho eit suppleringsval til Londonparlamentet med ein motkandidat frå Ulster Unionist Party. Ho vart kjend for klår og sterk tale alt frå det fyrste innlegget sitt i parlamentet i april 1969, og ville ikkje la seg disiplinera av parlamentarisk sedvane.

I august 1969 reiste Devlin til USA for å samla støtte til kampen mot den unionistiske eittpartistaten. Ho såg slektskap mellom denne kampen og den afrikansk-amerikanske borgarrettskampen i USA. I USA mottok ho nøkkelen til New York by som heidersteikn. Den vart sendt til den marxist-leninistiske gruppa Black Panthers. Seinare, i 2003, fekk ho ikkje reisa inn til USA på grunn av soninga etter slaget om Bogside.

Devlin var i Derry under masseskytinga der i februar 1972, den blodige sundagen. Tradisjonen var at augnevitne til hendingar som vart diskutert i parlamentet fekk halda innlegg. Devlin vart nekta dette. Då den konservative ministeren Reginald Maudling hevda at fallskjermjegarane skaut i sjølvforsvar under den blodige sundagen, noko som ikkje var tilfelle, gjekk ho til fysisk åtak mot ministeren.

I 1974 ynskte Devlin, då oftast omtala som Devlin McAliskey, attval frå Mid Ulster, men nådde ikkje opp. Det gjorde ho heller ikkje seinare då ho to gonger i 1982 stilte som kandidat til underhuset i det irske parlamentet Dáil Éireann.

Aktivist for republikanske fangar

Devlin McAliskey var ein kjend talsperson for politisk status for fengsla republikanske fangar i åra 1979–1981. Mellom anna stilte ho som ubunde kandidat som støtta fangane ved EU-parlamentsvalet i 1979, men vart ikkje blant dei tre valde frå Nord-Irland. I 1980 og 1981 stod ho i brodden for «Knus H-blokk-kampanja» mot soningsvilkåra for republikanske fangar.

Utsett for drapsforsøk

I januar 1981 skaut tre paramilitære lojalistar Devlin McAliskey og ektemannen i påsyn av ungane. Devlin McAliskey vart råka av ni skot, men overlevde. Gjerningsmennene frå Ulster Freedom Fighters (UFF), eit alias for Ulster Defence Association (UDA), vart arrestert og dømde.

Likevel markerte ho også seinare omstridde synsmåtar. Til dømes deltok ho i gravferda til stabssjefen for Irish National Liberation Army (INLA) Dominic McGlinchey etter at han vart likvidert i 1994. Der bar ho kista og held gravferdstale der ho gjekk til kvasse åtak mot pressa for det ho meinte var grovt misvisande presseomtale av INLA-kommandanten.

Aktivitet dei siste tiåra

I dei seinare tiåra har Devlin McAliskey vore aktiv i South Tyrone Empowerment Program (STEP), som er aktive i lokalsamfunnsutvikling og opplæring til lokalpolitikk og aktivisme. Særleg har Devlin McAliskey støtta marginaliserte grupper i området, blant desse innvandrarar. Ho er framleis ofte nytta føredragshaldar både i Nord-Irland, Irland og i Storbritannia.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Devlin, Bernadette(1970); Min sjel er ikke til salgs. Oslo, Aschehoug.
  • Nolan, Emer(2019); Five irish women. The second republic, 1960-2016. Manchester, Manchester University Press.
  • O’Brien, Matthew J. (2010); Irish America, Race, and Bernadette Devlin’s 1969 American Tour. New Hibernia Review Vol. 14 (2).

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg