Arthur Berg

Faktaboks

Arthur Berg
Arthur Bjarne Berg
Født
8. april 1916, Brunlanes (no Larvik), Vestfold
Død
20. juli 1998, Bergen

Artikkelstart

Arthur Berg var teolog og avisredaktør. Han var mangeårig redaktør i den kristne avisa Dagen og ein av dei fremste meiningsberarane blant kristenfolket gjennom etterkrigstida.

Berg var fødd i Brunlanes i Vestfold. I ungdommen skal han ha vore ateist ei tid, før han vart omvend under eit møte med vekkingspredikanten Ernst Hallen i Kristiansand. Han utdanna seg til cand.theol. ved Menighetsfakultetet i 1941. I 1944 vart han feltprest for dei norske styrkane i Sverige, og frå 1950 til 1955 arbeidde han som sekretær i Finnemisjonen (seinare Norges Samemisjon). Frå 1955 til 1985 var han redaktør i den kristne avisa Dagen i Bergen.

I Berg si redaktørtid vart Dagen eit stridsorgan for bibelsk kristendom, som var tru mot skrifta. Han var ein sterk forsvarar av Israel og motstandar av sjølvbestemt abort og kvinnelege prestar. Berg var kompromisslaust konservativ i teologiske spørsmål, men når det galdt politikken elles, kunne han leggje for dagen liberale synspunkt, og han heldt spaltene i Dagen opne for ulike syn. Han var ein sentral person i Folkerørsla mot medlemskap i EEC tidleg i 1970-åra og medverka såleis til å sameine kristenfolket med andre grupperingar i denne breie motstandsrørsla.

Berg var ofte frampå som debattant på folkemøte og i radio og fjernsyn. Han skreiv fleire bøker, mellom anna biografien I stridens hete (1969) om Kjell Bondevik, og han var medredaktør for Studiebibelen (1996). Trass i at han kom frå Vestfold og såleis ikkje hadde bakgrunn i det nynorske kjerneområdet, var han ein ivrig forkjempar for nynorsk og brukte sjølv denne målforma.

Utgivingar

  • Vi er alle prestar, 1953
  • Contra Houm, 1966
  • I stridens hete. Kjell Bondevik, 1969
  • Nei til EEC, (red.)1971
  • Med Israel i kamp for fred, 1979
  • Studiebibelen bd. 1–10, (medred.) 1988

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Svein Brurås: Arthur Berg. Oslo1987

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg