Arlin er eit kvinnenamn som er ein variant av det engelske Arleen som truleg går tilbake til irsk arlen som tyder ‘barn’.

engelsk blir Arleen uttalt med [i]. Stavemåten Arlin (fyrste gong 1917) kan tolkast som norsk stavemåte basert på den engelske uttalen av namnet.

Namnet har fleire variantar: Arleen, Arlen, Arlene, Arlin.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Arlin som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg