Åge Starheim

Faktaboks

Åge Starheim
Født
23. mai 1946, Eid (no Stad), Vestland
Stortinget.

Artikkelstart

Åge Starheim er tidlegare ordførar i Selje kommune for Høgre og tidlegare stortingsrepresentant for Framstegspartiet (FrP) frå Sogn og Fjordane i 2005–2013.

Bakgrunn

Åge Starheim er fødd i Eid (no Stad) i Sogn og Fjordane (no Vestland). Han har handelsskuleutdanning frå Nordfjordeid frå byrjinga av 1960-åra, og var bokhaldar og deretter kontorsjef hos Selje Skjortefabrikk AS i 1967–1986. Han var prosjektkoordinator hos Selantic Industrier AS i 1990–1998 og avdelingsleiar hos SpaNo Rekneskap AS på Nordfjordeid i 1998–2005.

Politisk karriere

Starheim har vore leiar for Selje Høgre. Han var medlem av Selje kommunestyre i 1976–2005 for Høgre og seinare Framstegspartiet, og var ordførar for Høgre i kommunen i 1983–1989. Han skifta parti i 1997 og var leiar av Selje Framstegsparti i 1998–2005, leiar av Sogn og Fjordane Framstegsparti i 2002–2010 og medlem av Sogn og Fjordane fylkesting i 2003–2007.

I 2005–2013 var Starheim innvald som stortingsrepresentanten for Framstegspartiet frå Sogn og Fjordane. Han var medlem av kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget og var særleg oppteken av omorganisering av helsevesenet og av samferdsel. Mellom anna ville han ha meir midlar til vegbygging i Sogn og Fjordane og bygging av Stad skipstunnel. Starheim melde seg ut av Framstegspartiet i 2015 etter intern strid i fylkespartiet.

Andre verv

Starheim var leiar i 1984–1991 og medlem i 1991–2005 av styret for Stad skipstunnel AS.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg