Flavour er, innanfor elementærpartikkelfysikk, ein eigenskap ved kvarkane som byggjer opp baryon, til dømes protonet og nøytronet, og meson. Det engelske ordet flavour blir sjeldan omsett til norsk. Flavour kan lettast forståast som kvarktype, der dei seks kvarktypane u, d, s, c, b, t er bærarar av kvar sin flavour.

Faktaboks

Uttale
flˈeivə
Etymologi
engelsk, ‘smak, aroma, duft’

Dei lettaste kvarktypane u og d som er bærarar av «isospinn opp» og «isospinn ned» byggjer opp vanleg stabil materie, det vil si atomkjerner som inneheld proton og nøytron. Dei fire andre kvarktypane s, c, b, og t byggjer opp ustabil materie med typiske levetider av storleiksorden 10–6–10–12 sekund for s, c og b. Toppkvarken, t, er så ustabil at han ikkje rekk å danne baryon eller meson før han går sund (desintegrerer).

I veik vekselverknad er kvarkane grupperte i dublettar, til dømes (u,d) eller (t,b). Vekselverknaden ved utbytte av eit W-boson skulle då ta ein b-kvark til ein t-kvark (eller omvendt). Men ein fysisk b-kvark kan ikkje desintegrere til ein fysisk t-kvark fordi t-kvarken er mykje tyngre enn b-kvarken, og b-kvarken ville ikkje ha nok energi til ein slik prosess. Ein kunne då tenkje at b-kvarken skulle vera stabil. Slik er det ikkje på grunn av såkalla kvark-miksing. I følgje teorien for veik vekselverknad kan b-kvarken desintegrere til ein lineær-kombinasjon av t-,c- og u-kvarkane. Dermed kan altså b-kvarken desintegrere til ein c- eller ein u-kvark (som er lettare enn b-kvarken) og vil difor vera ustabil. Tilsvarande kan t-kvarken desintegrere til ein lineærkombinasjon (ei blanding) av b-,s- og d-kvarkane. Denne kvark-miksinga er forklåra av CKM-matrisa, kalla opp etter fysikarane Cabibbo, Kobayashi og Toshihide Maskawa. (Dei to siste fekk nobelprisen for arbeidet sitt i 2008).

Ein kan også snakke om flavour for lepton, til dømes elektron-flavour for elektronet og det tilsvarande nøytrinoet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg